Snakk
Snakk! vil bidra til åndslivet på Jæren gjennom opplysande, underhaldande og engasjerande, eventuelt også provoserande, arrangement.
er ei upolitisk foreining som har som mål å bidra til åndslivet på Jæren gjennom opplysande, underhaldande og engasjerande, eventuelt også provoserande, arrangement. Dette vil skje i form av debattar (Motsnakk), samtalar (Samsnakk) og foredrag (Snakk) på Mellombels på Bryne.
21/03/2026
Takk for eit lærerikt morgonmøte på Rits kafé og vinstove. Takk til Rits, og til Odin Nøsen!
Nøsen presenterte fleire interessante dømer frå eit brukarerfaringsperspektiv. Det er framleis språkmodellane som får mest merksemd innan kunstig intelligens, og for å bygga digital motstandskraft kan det vera greit å vita kva dei er gode på og kva dei ikkje er gode på. Utviklinga sidan ChatGPT kom i 2022 har hasta avgarde, men den såkalla "intelligensen" til modellane heng etter. Nøsen var også innom etikken og jussen med språkmodellane, og han viste og blant anna ei oversikt over ulike modellar som i ulik grad kunne vera, og av ulike grunnar var, det han kalla "biased".
Til sist, tusen takk til alle som kom og bidrog med innspel og spørsmål. Å tenka kring desse problemstillingane med andre bidreg til å styrkja den digitale motstandskrafta vår. Rits sine nydelege heimelaga surdeigskanelsnurrar gjorde også morgonmøtet til ein høydare. Har du ikkje smakt dei, så stikk innom, du finn dei på menyen. Fortsatt god helg!
17/03/2026
GJERDEKLYVAR
Du visste kanskje ikkje at Snakk! har 10-års-jubileum i år? Men det har me, og det er stas!
Og sjå her: I anledning jubileet har den Brusand-baserte kunstnaren Odd Sama laga ein serie krus som tolkar Snakk! sin ambisjon om å vere ein åndeleg gjerdeklyvar. Sidan oppstarten har Snakk! sitt føremål vore å bidra til åndslivet på Jæren gjennom utforskande samtalar, debattar og arrangement.
Sama har tolka dette på sitt underfundige og originale vis i serien GJERDEKLYVAR, kor han utforskar grensene i liva våre. Nokon av grensene er konkrete, medan andre er skjulte, til dømes miner under bakken eller dei meir subtile grensene som dei digitale bura me friviljug eller påtvunge er ein del av. Me er kjempenøgde med krusa og vil lodda dei ut på arrangementa våre i løpet av jubileumsåret.
18/02/2026
SNAKK! OM STEINGARDAR
Tusen takk for eit steinjillt arrangement i går. Kvelden baud på foredrag om steingardane i eit kulturhistorisk perspektiv -med historikar og kurator ved Jærmuseet Anne Jorunn Frøyen, foredrag om "Steingard - to be or not to be" av kulturvernrådgjevar Martin Worts, og til sist fekk me ei sterk opplesing om samhaldet mellom generasjonane i eit steingard-perspektiv -av bonde og Steinjillt-gründeren Torvald Hadland. Ein ekstra takk til Time kommune for økonomisk støtte til arrangementet, til NRK som lot oss syna den nydelege dokumentaren «Steingardane på Jæren» Glimt av Norge (NRK, 2012) med kjende steingardambassadørar, steingardlegender og steinentusiastar frå Jæren, blant anna Hanne Thomsen, Tobias Skretting, Leif Nesvik, Tor Obrestad, Kristin Søyland, Olav Magne Tonstad og Øyvind Nordsletten.
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.
Kontakt stedet for tilbedelse
Telefon
Nettsted
Adresse
Storgata 7
Bryne
4340
Varslinger
Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Snakk legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.