FLOR

FLOR

Del

Arbeidsklede for kvinner - utvikla og designa på Voss. Historia om Flor

Seinsommaren 2011 kom idéen om å laga betre arbeidsklede for kvinner.

Me starta opp med den enkle idéen å gjera arbeidsklede for kvinner i landbruket så funksjonelle, tidsriktige og tilpassa som mogleg. Med inspirasjon frå sportsbransjen har me laga slitesterke og gode klede som me meiner tek arbeidskvinner på alvor! Ingen land i verda har større andel kvinnelege arbeidarar på gardar, oljeplattformar, fiskebåtar, verkstadar og fabrikkar som Noreg. Dette er me i Flor veldig stolte av. Gjennom våre kolleksjonar hyller me arbeidskvinna, og sikrar at ho kan føla seg vel på jobb, anten ho befinn seg midt i lembinga, i gulerotåkeren, eller med ein hammar i handa. Våre kle er utvikla og designa på Voss, med innspel frå bønder. Som bonde må du beherska ein heil del ”yrker” – du er gartnar, snikkar, jordmor, anleggsarbeidar og rekneskapsførar, og det kanskje i løpet av same dagen! Og er du ikkje bonde? Arbeidskleda våre kan brukast av alle som vil! Dei høver godt til kvinner i aktive yrker, og passar i tillegg ypparleg også til fritidsbruk. Flor – arbeidsklede som gjer kvinner stoltare av yrket sitt!

17/09/2026
16/09/2026

Komfortable klede heile dagen! 🙌🏻

Med gode kvalitetar, stretch og tidlaust design passar Flor-kleda også svært godt til fritidsbruk. 🥾⛰️

Når arbeidsdagen er over forset livet. Flor lagar plagg som naturleg glir over i fritida - anten du skal gå på tur med hunden, klatre i fjellet, gå på kafé eller nyte kvelden ved bålpanna på hytta. 🐕☕️🧗🏻‍♂️🔥🛋️

I våre klede skal du føla deg like vel frå morgon til kveld utan å måtte skifte. ☺️

16/09/2026

Inspirert av hageliv! 🏡🪴🪏🌸🌻🥔🌽🍅

I hagen møtast arbeid og ro. Her handlar det om å skapa, dyrka og vera tett på naturen. Kleda til Flor er like funksjonelle her som i ein aktiv jobb. Med mjuke og slitesterke materiale er plagga perfekte for lange dagar ute, om du steller i bed, plantar nytt eller berre nyt tida utandørs. ☀️🦋🌺🌻🌳🍓🫐

16/09/2026

Flor er arbeidsklede laga for kvinner som brukar kroppen aktivt på jobb - om det er ute på garden, i floren, på verkstaden, i barnehagen, på lageret, på kjøkenet eller ute på oppdrag. 👩‍🌾🚜🥕📦🚚👩🏻‍🍳🍽️🚙🪚

Med slitesterke materiale, god stretch og smarte justeringsmoglegheiter, er plagga utvikla for å tåla lange arbeidsdagar, skiftande vér og fysisk aktivitet. 💪🏻🤸🏻‍♀️🏃🏻‍♀️💨

Med fokus på design, praktiske detaljar og komfort er dette arbeidsklede som du føler deg vel i, samstundes som dei også er behagelege i bruk dag etter dag, år etter år. 🌷☀️🌧️🍂❄️

«Eg vil laga fine og funksjonelle arbeidsklede til kvinner i yrkesfag, klede som gjer kvinner stoltare av yrket sitt!» - gründer Kristin Lemme

10/09/2026

Baste 50 år ❤️❤️🎉🎉🫡🫡

Gratulerer med dagen, vår favorittdesignar og yndlingsmann!

Photos from FLOR's post 10/09/2026

Buldring og ettermiddagleik i fjøresteinane. 🧗🐕🏞️

Antrekk :
Cargobukse i bomull
Vår bomullsgenser
Vår skrytesokk
Lett ull t-skjorte

📸:

08/09/2026

Sjekk denne fine gjengen i Flor-forkle på Blondehuset i Arboretet! 🌸🤗

Her er det ein triveleg kafé som er open kvar sundag kl. 11 - 15 til slutten av oktober. Absolutt verdt å ta turen innom! 🌼☕️🧇

Blondehuset i Arboretet

03/09/2026

Direkte inne frå svigermor sin hage for å sei at me kjem til Bergen Matfestival i helga! 🫐🌸👩🏼‍🌾🌾🌻🍎🥕🥰

01/09/2026

Me tenner eit lys for Hans Majestet Kong Harald V🕯️

Ein bauta som samla folket. Raus, lun og inkluderande. Ein jordnær mann som såg alle rundt seg og som ikkje gjorde skilnad. No kjenner me på eit stort tomrom og vemod, samstundes er me takknemlege for å ha hatt ein så utruleg god konge å sjå opp til. Tusen takk for alt kjære Kong Harald🤍

Kvil i fred🕊️

Photos from FLOR's post 31/08/2026

Eit tilbakeblikk frå fine dagar på Agrisjå! 🚜👩🏼‍🌾
Arbeidsklede, landbruk, aktivitetar og masse kjekke folk. 🌾💚
•
•

Vil du plassere din bedrift på toppen av Klesbutikk-listen i Voss?
Klikk her for å få din Sponsede Oppføring.

Adresse


Vangsgata 39
Voss
5700

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 16:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når FLOR legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Abonner

Vi gir deg beskjed når noe skjer i Voss.